torsdag 22. januar 2009

Dag 10: The return of grisen og the besøk of skorpionen

Grisen kom dessverre i retur. Det var rett mange som kasta opp både framme og bak i dag. Lystig fleiping rundt matbordet i går om kor vidt me alle kom til å bli sjuke av denne heimelaga maten (laga på golvet på "kjøkkenet" til Tasanee, rett ved dassen og til høgre for hunden), sette seg altså litt i halsen på oss i dag. Slik går det når ein ikkje bankar i bordet, jenter og gutur!



Trass i kraftig redusert arbeidsstokk fekk me gjort ein heil del, dei fyrste trerammene kom på plass og me fekk pussa utvendige og innvendige murveggar.





Midt i arbeidsdagen kom det ein skorpion på 3 cm og stakk Karoline i handa. Etter litt panikk roa dei innfødte oss ned og smurte inn stikket med død skorpion. Det skulle visstnok hjelpe. I følge Karoline sveid det godt av stikket og handa hovna bra opp utover dagen, men ho blei korkje misfarga eller svimete, så iløpet av kvelden var ho godt som friskmeld.



Ser ein bort frå den halvparten som slit med å kontrollere kroppsvæskene er alle friske og raske og blide og fornøgde. Me er møkkete inn til beinet, alle som ein, har etsesår og blemmer både her og både der, og dei fleste drøymer om glade dagar i Bangkok, reine klede og ein god (og varm!) dusj. Antibac er vår venn, men det er også moro å kose med hunden. Så slik går nu dagan.



Mari

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar